Bøye seg i hatten
Faste uttrykk byr på utfordringar for nokon kvar.
Innspel frå lesarar: Førstemann, i si tid TV-produsent i NRK og seinare SV-representant på tinget, viser til Aftenposten 9. september: «Anne Lindboe (H): ‘Jeg har tråkket i baret noen ganger’.»
Om det er Lindboe eller journalisten som går i baret her, er uvisst. Visst er det at setninga blandar to seiemåtar, «trakka i salaten» og «gå i baret» (som er greiner og rusk). Lett gjort, begge er faste uttrykk (idiom) for å blamera seg. Langrennaren som måtte sjå seg dugeleg slegen av vinnaren, har vorte legendarisk: «Dette er bare å bøye seg i hatten for.» Sjølv har eg høyrt i Oslo: «Det er som å hoppe etter rukkola.»
Ein annan siterer frå ei melding i Klassekampen, også 9. september, om manus-svindel (eit nytt ord?). Svindelforsøka hadde skjedd hos Cappelen Damm og Samlaget. Sistnemnde fekk e-post der ein person gav seg ut for å vera «Olaug Nilsen som tilsynelatende ba om en PDF av hennes upubliserte roman Uønska åtferd ». Svindelen vart avslørt; teksten var på bokmål. Men den språkfeilen var alvorlegare enn Lindboe-flausen. For her ser me ein frekvent svikt no for tida, ein ganske stygg grammatisk feil – samanblanding av «sin» og «hans/hennes». På norsk (og svensk) vert meininga heilt ulik om me skriv «han elska kona si» eller «han elska kona hans». I teksten om manus-svindel må det stå at «Olaug Nilsen ba om en PDF av sin upubliserte roman». At engelsk i slike setningar ikkje nyttar noko anna enn «her/his», er vel ofte forklaringa, men på ingen måte orsaking. På svensk og norsk skal me skriva idiomatisk rett. Dette med «sin/hans» må forklarast grundig i grunnskolen, også dét at me skandinavar er heldige! For ved valet av pronomen kan me kommunisera kva som er forholdet mellom subjektet og objektet. Engelsk lever tungvint og må lena seg på at samanhengen (teksten) formidlar meininga.

Så spørsmålet: «Er smart og intelligent det samme?» Første tanken var at dei to tyder det same. Men kort refleksjon førte til ein annan konklusjon. (Det er jo dessutan slik at når ord lever saman, med tilsynelatande lik meining, er dei nok ikkje heilt einstydande, synonyme . ) Ordbøkene avklara. Intelligent er «klok, gløgg, smart» (der kom ordet …), medan smart er «klok, gløgg, lur». Ei bok tok endåtil med «uhederlig». Så «smart» inneheld noko negativt som intelligent ikkje har.
Stadig er det slik at Aftenposten (og andre!) vinglar når dei plasserer «ikke» ved infinitiv. Det stod nyleg … «søkelys på retten til ikke å sulte», ein annan stad «streng beskjed om å ikke gå i dybden».
Då vert det unekteleg ikkje greitt å tolka denne Aftenposten-setninga: «AP vedtok ikke å støtte SV i denne saken.» Men her, igjen, er det dette som gjeld – å skriva som me snakkar på idiomatisk norsk (og svensk): Når nektinga står til infinitiven, skal ho stå mellom å og infinitiv. Alltid funksjonelt, alltid tydeleg. Då oppstår det aldri tvil om denne avis-overskrifta: «Klarer ikke å slutte»
Rosen denne veka går til presten som sa i ei preike, sitert her i avisa: «Vi lever i en egosentrasjonsleir.»