Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å leve for politikken, og å leve av politikken

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Den tyske samfunnsforskaren Max Weber (1864–1920) skilde mellom å leva for og av politikken. Vi har just vore gjennom eit kommuneval som vi kan vera stolte av. Det har vore aktive og opplysande debattar med kritiske meiningsutvekslingar, og brei mobilisering frå tusenvis av tillitsvalde representantar som har det til felles at dei vil leva for politikken i fire år. For ein periode vil alle desse utgjera ein elite mellom oss, og dette er ein open elite i den forstand at dei fleste som ønsker det kan ha ein realistisk veg til å verta ein av dei folkevalde, gjennom å engasjera seg i eit parti og arbeida for ei sak.