I tida 5. til 8. september handsama Høgsterett, i plenum, ei stor og viktig sak: Nei til EU sitt søksmål mot staten for det organisasjonen meiner er eit brot på Grunnlova. Dette brotet relaterer seg til det vedtaket Stortinget gjorde i mars 2018, då dei tilslutta landet vårt til Energipakke 3 og Acer og la til grunn for vedtaket § 26 i Grunnlova. Stortinget hevda at denne tilslutninga var lite inngripande. Tida etter vedtaket har vist noko anna. Innlemminga i den europeiske energiunionen har sett norske styresmakter på sidelinja på det energipolitiske området. Nei til EU hevdar at vedtaket burde ha vore gjort etter § 115 i Grunnlova, og det er dette Høgsterett skal ta stilling til. Acer er byrået for energireguleringsmyndigheiter i EU.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene