Macbeth
Rogaland Teater
Av: William Shakespeare
Regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Med: Leo Magnus de la Nuez og Mari Strand Ferstad med flere
Teater er illusjon og ikkje røyndom. Med Tyra Tønnessens leikne og kreative oppsetjing av «Macbeth» på Rogaland Teater syner ho oss dette til fulle der ho boltrar seg i teatrale konvensjonar og leikar seg med teksten utan å gå på akkord med korkje tematikk eller innhald.