Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tyra Tønnessens «Macbeth» på Rogaland Teater er ein kreativ teaterleik, og ei gåve til publikum.

Leik med illusjonar

HEKSEBRYGG: Macbeth (Leo Magnus de la Nuez) let seg overtyde og forføre av heksene (Mareike Wang, Ragnhild Arnestad Mønness og Helga Guren). FOTO: Grethe Nygaard

Macbeth

Rogaland Teater

Av: William Shakespeare

Regi: Tyra Tønnessen

Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya

Med: Leo Magnus de la Nuez og Mari Strand Ferstad med flere

Teater er illusjon og ikkje røyndom. Med Tyra Tønnessens leikne og kreative oppsetjing av «Macbeth» på Rogaland Teater syner ho oss dette til fulle der ho boltrar seg i teatrale konvensjonar og leikar seg med teksten utan å gå på akkord med korkje tematikk eller innhald.