Du kan bla til neste sideBla med piltastene

To nye finlandssvenske teikneserieromanar blunkar lurt til Tove Jansson.

Spøkelsesverda

ÅT SKOGEN: Eit lauv bles bort frå sine medlauv i Ulla Donners «Den naturliga komedin». ILLUSTRASJON: ULLA DONNER

I fjor blei ein teikneserieroman nominert til Nordisk råds litteraturpris for første gong. Det var Joanna Rubin Drangers «Husk oss til livet», som ikkje er eit teikneseriealbum, men «en längre tecknad serie i bokform», retta mot «mer mogna läsare», for å sitere den svenske organisasjonen Seriefrämjandets litt vage definisjon av denne hybridforma. Rubin Drangers forteljing om ei jødisk slekt og Holocaust er uansett ­strålande og gripande, og viser korleis tekst og bilete samspelar på likefot med å formidle handlingsforløp og kjensler.