Martin Ernstsen
Men hvem er du?
Teikneseriebok
Gyldendal 2023, 144 sider
Om eit aldrande menneske vert omtalt som «rastlaus» og «nyfiken,» er det ofte positivt meint, eit teikn på ungdommeleg vitalitet i ein livsfase der det kan vere lett å stivne i veletablerte mønster, og verte sedat. Og likevel, når orda dukkar opp mot slutten av Martin Ernstsens teikneseriebok «Men hvem er du?», har dei ein annan klang. Forteljaren – Ernstsen sjølv – samanliknar sin eigen far med dottera, som berre er barnet: «Begge vil hele tiden være et annet sted enn de er. Drevet av en slags forvirret nysgjerrighet.»