Hollywood-streiken har runda fire månadar og spaninga i bransjen stig. Variety melder at regissørlauget – som har ein tariffavtale med produsentane – kranglar om medlemmar som også er med i det streikande manuslauget, skal kunne få tillitsverv. Blant namna det blir åtvara mot, er Oscar-vinnaren Sian Heder («CODA») og skaparen av «Chernobyl» og «The Last of Us», Craig Mazin, som òg driv streikestøtte i podkasten Scriptnotes. GK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene