Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei heilstøypt framsyning, som får formidla så mange ulike lagnadar med innsikt og varme.

Varmt og vakkert

SØT MUSIKK: Daniel (Jon Lockert Rohde) er verdsvand, men sosialt usikker, og i møte med Lena (Sunniva Du Mond Nordal ) tar det litt tid før han gir etter. FOTO: ERIKA HEBBERT

Den svenske filmen «Så som i himmelen» tok publikum med storm i 2003, og i 2018 var det premiere på musikalversjonen i Stockholm. Her heime har alt Oslo Nye og Nordland Teater rukke å setje den opp, og i førre veke var det Trøndelag Teater sin tur. Men den som trur teateret berre vil mjølke ein sikker publikumssuksess, tar grundig feil. Oppsetjinga i Trondheim er eit heilstøypt og mangesidig scenisk verk som står støtt på eigne bein.