Den svenske filmen «Så som i himmelen» tok publikum med storm i 2003, og i 2018 var det premiere på musikalversjonen i Stockholm. Her heime har alt Oslo Nye og Nordland Teater rukke å setje den opp, og i førre veke var det Trøndelag Teater sin tur. Men den som trur teateret berre vil mjølke ein sikker publikumssuksess, tar grundig feil. Oppsetjinga i Trondheim er eit heilstøypt og mangesidig scenisk verk som står støtt på eigne bein.
Ei heilstøypt framsyning, som får formidla så mange ulike lagnadar med innsikt og varme.
Varmt og vakkert
Anmeldelse