Mønsteret raknar
Solvej Balle sender små sjokk og store vyar inn i det ekspanderande romanuniverset sitt.


Solvej Balle
Om utregning av romfang III
Roman
Omsett av Trude Marstein
Forlaget Press 2023, 232 sider
I opninga av tredje band i Solvej Balles romanserie har forteljaren møtt eit menneske med hukommelsen intakt. Det er eit sjokk: Tara Selter har vakna 1144 gongar til den same novemberdagen og trudd at ho har vore åleine om å hugse gårsdagen og dagane som går. Ingen av menneska ho møter, viser teikn til å vere medvitne gjentakinga, men på ei førelesing i Düsseldorf, der ho studerer romarrikets sivilisatoriske vekst og fall, oppdagar ho ein i salen som har grøn skjorte éin dag, blå den neste. Det går ikkje an: «For den attende november skifter ikke skjorte. [...] I den attende november har mennesker mønstre [...]», heiter det i Trude Marsteins omsetjing. Tara har oppdaga eit avvik, eit mønsterbrot, ein sprekk.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent