Gunnar Wærness
Kosmos’ beibi
Dikt
Forlaget Oktober 2023, 72 sider
Då Gunnar Wærness vart tildelt Doblougprisen på Lillehammer i mai i år, sat eg i publikum med ei kjensle av glede og lettnad. For trass i at Wærness fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutsamlinga «Kongesplint» i 1999 og sidan har vore konge i den litterære undergrunnen – det vil seie i det internasjonalt orienterte poesimiljøet – har prisdrysset og det store gjennombrotet latt vente på seg. Men kanskje har det vore bra for poesien?