Sinéad O’Connor (1966-2023)
Ved veis ende
Øya-klare Caroline Polachek tar for seg dei store spørsmåla, med null respekt for popens reglar.
Blant dei første linjene på Caroline Polacheks nye plate er: Welcome to my island / Hope you like me, you ain’t leaving . Det kan lesast med glimt i auget, men det gir vel så mykje meining å tolka det som ein trussel – kanskje nikkar ho til sirena Kalypso som held Odyssevs fanga i Homers «Odysseen». I musikkvideoen ligg Polachek i ei pappkasse, ho blir ein slags sfinx med menneskehovud og dyrekropp, ho blæs støv av gamle greske krukker, ho gulpar lava. Ofte kvilar det noko off over tekstane, musikken, ja, heile uttrykket – noko melankolsk eller mystisk, nesten utanomjordisk.