Privatisering av velferdstjenester vil bli sentralt i valgkampen. Barnehagesektoren kan bli en kamparena. Som så ofte, er det også her at «Djevelen sitter i detaljene» – og venstresiden kan lett tape den kampen dersom man ikke går inn i detaljene.
Skeivt om reform
Skjalg Stokke Hougen omtalar kommunereforma (2014–2017) som «hovedsakelig […] en administrativ reform» – som innbyggarane i samanslåtte kommunar «ikke merker stort til» (Klassekampen 3. august). Vel, dette er ei nokså skeiv oppfatting av det som kanskje har vore den tredje største mobiliseringa av grasrota mot regjering i nyare norsk historie. Berre i forkant av EF/EU-røystingane var det eit større folkeleg engasjement. I dette tilfellet var det store delar av lokaldemokratiet som kom i spel. Solberg-regjeringa hadde ein snedig strategi der frivilligheit langt på veg blei styrt, gjennom faglege bestillingsverk, pålagde nabosamtalar, tilsette prosessleiarar med ferdigskrivne intensjonsavtalar, rådmenn som truga med økonomisk samanbrot, samt Høgres famøse åtvaring mot å lytte til innbyggarane gjennom folkerøystingar. Men folkerøystingar blei det, i meir enn 200 kommunar, og med klåre nei-fleirtal i dei langt fleste av dei.