Romeo og Juliet
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim
Av: William Shakespeare
Omsett av: Hans Magnus-Ystgaard
Regi: Madeleine Brandzæg Nilsen og Øyvind Brandtzæg
Med: Ragnhild Risnes, Kristoffer Hjulstad og Elisabeth Matheson mfl.
Sidan 2010 har det laust samansette Rabarbrateateret kvart år spela bakgardsteater på Bakklandet i Trondheim. Gjennom åra har dei perfeksjonert seg på fortolking av William Shakespeares komediar. Heilt avgjerande for det vellukka resultatet er språkkunstnaren Hans-Magnus Ystgaards særs gode omsetjing og attdikting til Sparbu-dialekt. Med eit frodig og folkeleg språk fullt av blomar og underfundige metaforar har han gjort Shakespeare forståeleg for nye grupper publikum. Framsyningane i Rabarbraparken er blitt ein snakkis og ein publikumsmagnet. Spenninga var difor stor då Rabarbrateateret i år valde å forlate komediane og i staden framføre det ikoniske kjærleiksdramaet «Romeo og Juliet».