Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein engel har falle, og inntil vidare står himmelen tom.

Botsgang

Det er ille når dei som er valde til å styra landet vårt, skjemmer seg ut, men bra at folk er så einige om rett og gale som seinare tiders politikarskandalar har vist. Det er ikkje mange som vil tillata økonomisk lureri, og svært få meiner at litt brot på habilitetsreglane får ein tola. Likevel går nesten ingen inn for evig fordøming. Det einaste som er litt uklart, er kva som skal til før syndarane kan få koma inn i varmen igjen.