Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV fryktar lånehaisommar om det ikkje kjem tiltak mot inkasso- og forbrukslånsbransjen.

Ber om ny inkassolov

Etterlyser politiske grep: Andreas Sjalg Unneland (SV) er utolmodig på ei ny inkassolov og tiltak for å regulere inkasso- og forbrukslånsbransjen. Foto: Hanne Marie Lenth Solbø

Under koronapandemien sokk den samla verdien på norsk forbruksgjeld til eit botnpunkt på 149 milliardar kroner i juni 2022. Etter det har gjelda stige igjen. I mai i år nådde den ein topp på 156 milliardar.