Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KI

Matrosen bar i Stavanger bruker vinflasker til å ha stearinlys i, og kommunen gav dei prikkar på skjenkebladet fordi det er alkoholreklame. I Rosendal inviterte ein bar til nissefest på Facebook med ein drink-emoji og fekk prikk for det. Ein kafé i Hemsedal har kunst av Tommy Syversbråten på veggane, men no har skjenke­kontrollen vore innom. Alkoholreklame. Kunstnaren har difor dekt til delar av måleria med «sensurert av Noreg». Bryggeriet 7 Fjell i Bergen fekk 40 sider med skjermdumpar frå det Helsedirektoratet meiner er alkoholreklame. Eitt døme er at det står på nettstaden at ein øl passar «i sola, eller i skuggen».