Inne på utsida: Lukasz Joniec (frå venstre), Krzysztof Kordialski, Adam Chmurzyński og Józef Janus tar ein pause. Fagforeininga har fått nok av at bygningsarbeidar som dei her i Ski, ikkje berre kjem bak på lønn og arbeidsvilkår, men også på velferdsrettar.
Det er sommar, og sola skin på dei polske bygningsarbeidarane i Ski, men ikkje i overført tyding. Det er høg temperatur på brakka når tillitsvald og fagforeininga er på besøk for å snakke om D-nummer.