Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Forsvar

Trur Nato-kommando kan provosere russarane

Utanriks­forskarar trur ein Nato-kommando i Nord-Noreg vil bli oppfatta som ei fiendtleg handling av Russland.

Forskarblikket: Konfliktforskar Cecilie Hellestveit trur russarane kan oppfatte ein ny Nato-kommando i Bodø som ei fiendtleg haldning. Foto: Fredrik Varfjell, NTB

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen sa i Klassekampen denne veka at han har spelt inn Bodø som stad for ein ny, framskoten Nato-kommando i Nord-Europa.

Frå før har Nato slike hovudkvarter i Napoli og i Brunssum i Nederland.

Jurist og konfliktforskar Cecilie Hellestveit tykkjer det er eit spennande forslag, men er og klar på at russarane vil tolke dette som ein auke av spenninga i nord.

– Dette kan verte oppfatta som ei fiendtleg handling. Dette er eit område som er strategisk av veldig høg betydning for Russland, det gjer det hårete for oss, seier ho og fortset:

– Det som er viktig å hugse på, er at situasjonen no er mindre føreseieleg enn under den kalde krigen. Det å gjere ting kan få større konsekvensar enn ein ser føre seg, for det er så mykje usikkerheit.

Hellestveit får støtte frå professor ved Forsvarets høgskule Tormod Heier.

– Sett med russiske auge, vil dette bli tolka som at erkefienden USA forsterkar det militære fotavtrykket i Nord-Europa, seier han.

Moglegheitsvindauge

Dei to forskarane er samde om at det er Sverige og Finlands inntog i Nato som gjer det både ønskeleg og mogleg å endre på kommandostrukturen i Nato og etablere eit nytt hovudkvarter i Nord-Noreg.

Heier seier at sjølv om russarane ikkje vil bli blide av ei slik endring i nord, så vil dei ha ei viss forståing for det.

– Russland skjønar at med to nye medlemsland, så er dette eit trekk Nato ønskjer å gjere. Det er med på å auke spenninga, men russarane vil skjøne kvifor det skjer, seier han.

– Vil dei kome med eit mottrekk?

– Eg trur heller at det kan føre til spenningar internt i Russland, både i det politiske og i forsvarsleiinga. Dette vil tydeleg­gjere dei strategiske­ feilgrepa det russiske regimet har gjort i Ukraina. Dei har skubba viktige buffer­statar inn i armane på USA.

Også Hellestveit trur det er no Nato har eit moglegheitsvindauge der eit slikt hovudkvarter kan bli etablert utan å skape alt for mykje støy i Russland.

– Eg trur den offensive maritime strategien til Russland i Arktis òg aukar spenninga, så Russland vil skjøne at også Nato treng ein meir framoverlent doktrine i nord. Det er no vi har eit moglegheitsvindauge. Det er no det er forståeleg og føreseieleg for Moskva. Dei vil likevel tenkje at det er ei aggressiv posisjonering.

Kan effektivisere

Tormod Heier trur USA vil bli glade for forslaget til Eirik Kristoffersen, fordi ein slik Nato-kommando vil gjere dei nordiske landa betre i stand til å takle militære situasjonar sjølve.

«Det å gjere ting kan få større konsekvensar enn ein ser føre seg.»

Cecilie Hellestveit, jurist og konfliktforskar

– Dette hovudkvarteret kan bidra til å effektivisere forsvarsressursane, og du vil kunne få meir ut av dei knappe forsvarsressursane som dei nordiske landa rår over. Det vil gjere dei nordiske landa i stand til å handtere situasjonar åleine, utan å kalle på USA. Det er amerikanarane glade for. Dette er eit betre alternativ enn amerikanske militærbasar.

– Trur du forslaget til forsvarssjefen er diskutert grundig med USA før han kjem med dette utspelet?

– Ja, Noreg har hatt mange høve til å lufte og teste dette forslaget med Nato og USA det siste året. Seinast denne veka i Vilnius.

Raudt er kritiske

Raudt, det einaste partiet på Stortinget som er motstandar av norsk Nato-medlemskap, er negative til ein ny Nato-kommando i Bodø.

– Vi er kritiske til lokaliseringa av eit Nato-hovudkvarter i Nord-Noreg. Det har lenge vore eit viktig prinsipp i norsk forsvars- og tryggingspolitikk at det å halde opp lågspenning i nord føreset at det norske forsvaret sjølv er i stand til å hevde norsk suverenitet og trygge land og sjøområde i nord, seier stortingsrepresentant for Rødt Hege Bae Nyholt.

– Vi må jobbe for å ruste det norske forsvaret for ei slik utvikling og ikkje det motsette, avsluttar ho.