Første gongen eg høyrde om Industri- og næringspartiet (INP) var våren 2021. Medan kommentariatet og dei andre partia var mest opptatt av det kommande «klimavalet», skjedde det ei vekking langs vestlandskysten. Klimabrølet frå 2019 hadde fått sin motpol i Facebook-gruppa «Oljebrølet». Her delte medlemmar frustrerte innlegg til forsvar for både bilen og petroleumsnæringa. I starten verka det mest som endå ei Facebook-gruppe der skuffa veljarar kunne dela si naud med likesinna, eit blaff som snart ville forvitra. Der tok eg grundig feil.
Det svir for nokon, men venstresida bør innstille seg på samarbeid med Industri- og næringspartiet etter valet.
Ein potensiell kongemakar
Fokus