Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvifor angrep Unabomberen moderne teknologi?

REVOLUSJONÆR: Ted Kaczynski, som bomba universitet og flyplassar, døde nyleg. FOTO: Michael Macor, NTB / San Francisco Chronicle / Polaris

Eg leste «Dagboka» 14. juni med stor interesse. Her skriv Aleksander Åsnes om terroristen Ted Kaczynski (1942–2023) som fekk kallenamnet Unabomberen. Han er kjent for manifestet «Industrial Society and its Future» (1995) der han argumenterer for at moderne teknologiske system gjer menneska ulukkelege. Det var difor han bomba universitet, flyplassar og andre uttrykk for systemet, og boka har blitt herostratisk berømt.