Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Botntråling fører til enorme klimagassutslepp og avfolker kysten. Kvifor lar me det lengste ranet i Noregshistorien halda fram?

Forbod no!

DØDE HAV: Botntråling er ein klimaversting, skriv forfattarane. Her frå ein protest mot botntråling av organisasjonen Ocean Rebellion under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021. Foto: Andy Buchanan, AFP/NTB

Det har tydelegvis gått under radaren her i landet at ein forskingsrapport frå FN i 2008, «In Dead Water», foreslo eit globalt forbod mot botntråling for FNs Generalforsamling. Like eins at 26 internasjonale forskarar skreiv i forskingstidsskriftet Nature 17. mars 2021 at CO 2 -utslepp frå botntråling samsvarte utsleppa frå heile verdas flytrafikk. Same år utpeikte avisa The Guardian vesle Norge som ein av dei store klimaverstingane til havs. Det årlege CO 2 -utsleppet frå botntråling i norske havområde er på om lag 26 millionar tonn CO 2 . Det er like stort som norsk utslepp av CO 2 frå innanlands industri og bergverk, vegtrafikk og flytrafikk til saman.