Eg skulle ha sparka oppover
Politisk og byråkratisk detaljstyring fremmer ikkje lærarens autoritet.
Eg har brukt fysisk makt mot elevar. Eg utelukkar ikkje at det kan ha skjedd fleire gonger, men ein episode hugsar eg godt. Eit instinktivt spark på skinnleggen fekk eleven til å trekka frå seg foten i døra, og eg kunne etablera ein mellombels kontroll over situasjonen i klasserommet. Seinare vart det ein tur ned til avdelingsleiar saman med dei to sentrale urokråkene, medrekna han som hadde sett foten i døra. Me fekk lagt fram saka frå kvar vår side, diskuterte litt, og elevane gjekk heim for dagen. Etterpå var eg ganske skjelven. Men etter denne episoden hadde eg ikkje nokon større utfordringar med den klassen, og eg fekk eit utmerka forhold til eleven som hadde fått smaka skotuppen min.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent