Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein kyrkjegard under vatn

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS

Mor mi er fødd og oppvaksen på ei øy utan å kunne symje. Ingen symjeundervisning på verken ho eller brørne. Slik som generasjonar før dei vart dei likevel sendt ut på sjøens vegar, i fiskebåtar, i motorbåt, med mjølkeruta med far sin. Sjøsprøyt i andletet, solgløtt og bøljan blå. Eller bøljan grå, våt og skremmande.