No er det eit halvt hundre år sidan eg opplevde ein slags dåp, i eit hav som var der berre for meg, ved ei strand eg hadde heilt for meg sjølv. For første gong sidan tidleg barndom var eg naken under open himmel, og endå meir sorglaus, for eg trong verken mor eller far eller den kjærasten som det nettopp var blitt slutt med. Den høge sola lyste velsigninga over meg. Dei salte bølgjene var fulle av kjærleik.
Den lukkelege, den som er i flyt eller svev, treng nesten ingenting.
Egofri sone
Solveigs salt