Sunniva Relling Berg og Vidar Flak (illustrasjon)
Alfabetjakten
Bildebok
Gyldendal 2023, 64 sider
ABC-bøker er ein gamal og utprøvd sjanger. Det finst mange nyare forsøk, men ikkje veldig mange minneverdige resultat. I mi bokhylle stikk særleg to klassikarar seg fram: I 1986 gav ekteparet Olav H. Hauge og Bodil Cappelen ut ei illustrert diktbok med poetisk-pedagogiske bokstavtekstar. At meisteren frå Ulvik også meistra barnelyrikk, overraska knapt. Ein favoritt og ei stikkprøve kan vere det vanskelege Q-oppslaget: «Dette er ein Q, den brukar ikkje du. Men kast han ikkje vekk, du treng han i Quebec». Lukkast ein med Q, ligg ein godt an.