Dei siste vel hundre åra har fotball så desidert vore menns ‒ ofte machomenns ‒ domene. Kvinner har difor måtta kjempa hardt for å vinna innpass, som på så mange område der menn har dominert. Fotball er på eit vis liberalismen sin idrett, noko ein ser klare prov på i det spanske samfunnet. Catalonia i det nordaustlege hjørnet av Spania utvikla liberale idear så vel i politikk som i økonomi langt tidlegare enn resten av landet. Regionen blei difor meir lik dei utvikla landa i Europa enn det Spania som under Madrid sin politiske taktstokk skoda tilbake på eiga stordomstid på 1500-talet.
Når FC Barcelona sitt kvinnelag i dag møter Wolfsburg i Champions League, er det eit katalansk lag med stolte tradisjonar som spring ut på bana.
Barca som pioner i kvinnefotball
Kronikk