34 år gamle Jacob Nødseth har sete i kommunestyret i kystbyen Florø sidan han var 17 år. Han er den første sidan andre verdskrigen som Høgre har vedteke å ekskludere. Han har vorte skildra som ein illojal bråkmakar, men også som det største politiske talentet Sogn og Fjordane har fostra på fleire generasjonar.