Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sigmund Løvåsen skriv med full respekt for barnets evne til å forstå kva ordkunst er for noko.

Alt som kryp og går

Dei fleste av dikta i denne boka handlar om ulike skapningar som kryp, går, flyg eller sym. Som typisk er for diktsamlingar retta mot aldersgruppa seks til ni, dreier det seg i stor grad om småpussige observasjonar på eller over grensa mot det absurde. Det som skil denne boka ut frå dusinvara er at alle dikta er gode, poengterte. Du kan lesa dei høgt, eller barnet kan lesa dei sjølv, og det kjennest som om det var ein vits med å lesa kvart av dei.