Det kunne sjå mørkt ut ved byrjinga av året, då tilhengarar av tidlegare president Jair Bolsonaro gjekk til angrep på fleire demokratiske institusjonar i Brasils hovudstad Brasilia. Demonstrantar kledd i grønt og gult storma Kongressen, høgsterett og presidentpalasset, og nekta å godta valresultatet.
Optimismen rår i Brasil. Men president Lula da Silva balanserer på ein knivsegg når både urfolk og industri skal få sitt.