Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Villskudd» på Kilden Teater er blitt ei framsyning til å bli verkeleg glad og i godt humør av.

Erkjenning og tvil

HEFTIG: I bedehuset av alle stader finn Yngve og Magnus rom for lidenskaplege famntak. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

Med Gudmund Vindsuns roman «Villskudd» i 1979 fekk vi ikkje berre eit fyrverkeri av ei lesaroppleving, men også den første verkelege gladboka om homofili. Det som fram til 1972 hadde vore kriminelt, greidde Vindsun å gjere til noko heilt kvardagsleg. Mykje har skjedd sia den gongen, og for dei fleste er ikkje kjærleik mellom menn lenger tabu eller unormalt. Men ein rapport frå Likestillingssenteret kunne i 2018 dokumentere at skeive i Agder i større grad enn skeive i resten av landet hadde freista å ta sitt eige liv.