Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forsvarets sigers-vasking

SALUTT! Her fra feiringen av frigjøringsdagen 8. mai ved Akershus festning i år. FOTO: Annika Byrde / NTB

Forsvarets feiring av 8. mai som «veterandagen» er berre eit forsøk på å reinvaske seg i lyset av frigjeringa i 1945 frå den miséren som Forsvarets deltaking i diverse imperialistiske krigar dei siste 20+ åra har skapt. Alle krigane Forsvaret har teke del i – frå Afghanistan, Irak, Libya og no Syria – har vore vanvettige katastrofar for dei folka som har vorte utsette for dei. Dei som er ansvarlege for dette, er ikkje dei som har teke del som soldatar, men dei rygglause politikarane som sende dei av garde.