Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Riktig diagnose, feil medisin

Eg trur at Gro Balas og medskribentane har rett når de seier at det er politikken som gjer at «Arbeidarpartiet fell som ein stein» (Klassekampen 26. april). Men svara er feil. At tilslutning til EU er redninga må vel vere basert på ein ideologisk ønskedraum frå medlemmar i Europabevegelsen i toppleiinga i Ap. For ikkje berre er motstanden mot medlemskap vedvarande høg hjå folk flest og hjå grasrota i både Ap og LO. No veks også motstanden i befolkninga mot EØS.