Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Masseovervaking?

Under høgtidsstunder i visse politiske parti heiter det at frie ordskifte er eit kjennemerke ved demokratiske rettsstatar som Norge. Realiteten er dessverre i ferd med å bli annleis. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre har nemleg utarbeidd eit lovframlegg som tilrår nye arbeidsoppgåver for etterretningstenesta og PST. Overvaking av internett, privat e-post og alle elektroniske kommunikasjonssystem skal avsløre kva fiendar og potensielle fiendar pønskar på.