Gro Balas, Halle Jørn Hanssen og Arve Thorvik skal ha minst rett i ein ting i kronikken sin i Klassekampen av 26. april når dei skriv at «Arbeidarpartiet høyrer ikkje heime der nede på 15-16-tallet på meiningsmålingane». Ein skal lytta til folk som har hatt, som dei skriv, «roller – framfor eller bak det sosialdemokratiske sceneteppet – sidan ein gong på seksti- og syttitalet». Der ligg det mykje kunnskap. Eg er likevel overraska kor lite råda om politikkendring eigentleg er funderte.