Misantropen
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Molière
Omsett av André Bjerke
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi og kostyme: Nia Damerell
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist: Alf Lund Godbolt
Koreografi: Kristin Ryg Helgebostad
Med: Isak Holmen Sørensen, Sunniva Du Mond Nordal, Emma Caroline Deichmann, Jo Saberniak, Maria Pontén, Fabian Heidelberg Lunde og Christian Eide
Ein av den franske dramatikaren Molières mest kjende og spela komediar er «Misantropen» frå 1666. Som vanleg i komediane hans, held han eit oppgjer med hykleri og menneskeleg dårskap, men i dette stykket går skytset i fleire retningar, og det er langt frå openbert kven ein skal halde med, om nokon. Vi er i overklassens Paris for 350 år sia, der intrigar, baksnakk og løgner er ein naturleg del av veremåten, og der Alceste (Isak Holmen Sørensen) er den heilt kontrære. Han er nådelaust sanningssøkjande, og i utgangspunktet den vi føler er prinsippfast og til å stole på, og som vi difor kjenner for. I motsetnad til alle dei andre. Før vi ganske raskt forstår at Alceste ikkje er ein helt, men ein misantrop, det vil seie ein som foraktar menneska. Men trass i si djupe mistru til alle dei andre, er han også djupt forelska, og det i Célimène (Sunniva Du Mond Nordal). Ho er på si side ei kokette og ein intrigemakar som på forførarisk og hyklersk vis held seg med eit utal friarar. Og slik sett er ho hans rake motsetnad. I dette menasjeriet finn vi også Célimènes kusine, Alcestes bestevenn, og tre andre, som alle meir kommenterer og utfyller handlinga og det noko asynkrone forholdet mellom dei to, enn å spele viktige sjølvstendige roller.