Eg høyrde uttrykket ‘den kvenske våren’ fyrste gong for eit par-tre år sidan i samband med ei reise til Finnmark, der eg fylgde nokre av dei opne møta til Sannings- og forsoningskommisjonen. Det kvenske er i vinden, seiest det no. Ingeborg Arvola si storslegne bok, «Kniven i Ilden», fekk Brageprisen i fjor og er nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Fleire bibliotek hadde fokus på det kvenske i samband med Kvenfolkets dag 16. mars. Teaterforestillinga «Det usynlege folket», sett opp av det nystifta Kvääniteatteri, hausta mange lovord. Kvenske musikarar, som Kristin Mellem, når eit breiare publikum. Den samiske avisa Sagat foreslo på leiarplass sist månad at tida kanskje er inne for eit Kventing.
Det er ikkje så rart at forhåpningane kvenar og norskfinnar har til Sannings- og forsoningskommisjonen er lunkne.
Den kvenske våren og den samiske sommaren
Kronikk