Finst det eit undertrykt kvinnehat i kulturen, som publikum, helst menn, kan ta ut i kunstopplevingar? Grethe Fatima Syéd hevda det i si mykje debatterte lesing av Dag Solstads «Genanse og verdighet» (Agora nr. 4/22-1/23). Det er ein interessant påstand, men det er ikkje liketil å dokumentera publikums drifter og reaksjonar i møte med litteratur. I eit kulturelt fellesskap som kinoen, er det annleis.