Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Miljø, demokratisk utvikling og aust-utviding er i dag ja-argument. Men for SVs leiar er det som om verda har stått stille sidan 1994.

SVs ulogiske nei

TVIHELD PÅ NEI: SV-leiar Kirsti Bergstø, her under SV-landsmøtet i mars, bør tenkje grundigare gjennom partiets EU-standpunkt, skriv Svein Tuastad. Foto: Alf Simensen, NTB

I påska har eg sett debattar om EU frå 1994 om igjen. Den gongen var eg med i SV. Partiets mangel på nyansar i EU-saka, slik eg såg det, gjorde at vi etter kvart skilte lag. I land som Danmark og elles i Europa er SVs søsterparti EU-tilhengjarar. Men så langt eg kjenner til, er det i dag ingen ja-folk i leiande posisjonar i SV. Det er paradoksalt for eit parti som vart til i protest mot den innsnevra interne debattkulturen i Ap. I staden for å slamre att EU-debattdøra, burde SV skaffa seg nokon ja-tilhengjarar, i god Einar Gerhardsen-ånd.