Nok ein gong får me ein underleg påstand frå Sylfest Lomheim (onsdag 29. mars): «’Tunell’ då? Det er engelsk skrivemåte – ut frå fransk uttale». Kva slags ordbok nyttar han? I mine dictionaries – Webster, Oxford og Penguin – finn eg ingen anna stavemåte enn ‘tunnel’, og eg kan ikkje minnast å ha høyrt engelskspråklege som har sagt anna enn ‘tunnel’, med trykket på fyrste staving – nett som dei gjer i Oslo.
Kven er «me»?
DebattSpråk