Bernard Minier
Jakten
Krim
Omsett av Christina Revold
Aschehoug 2023, 464 sider
Jakten» er Bernard Miniers sjuande krimroman om politietterforskaren Martin Servaz. Som andre krimheltar er Servaz ein rettskaffen, men sjølvrådig politimann, og på Politihøgskulen er han blitt ein legende i faget, kjent for sin «radikale antikonformisme». Han har visstnok sine demonar, men dei radikale og meir rufsete sidene hans ser vi sant å seie ikkje så mykje til i årets roman. Dei verkar å høyre fortida til, og vår mann viser seg stort sett som ein flittig etterforskar med mot og sanningstrong i brystet.