Eg legg meg flat. Den 15. mars utelét eg Shetland under opprekninga av det som utgjer Storbritannia; etter Hebridane og Orknøyane glapp det, endå Shetland er større enn dei to nemnde og svært så interessant, særleg for oss norske. Utruleg nok tala dei norn (‘norsk’) der, fram til 1800. Nesten alle stadnamn er norrøne/norske, Lerwick er det same som Leirvik på Stord, skjera ved austkysten heiter Skerries , eit nes på vestkysten heiter Sandnes , Whalsey er Kvalsøy .
Du kan bla til neste sideBla med piltastene