Galleri Christinegaard i Bergen viser for tida utstillingen «Flytende forhold … om utryddelse og bevaring», med Aud Bækkelund . Utstillingen inneholder tekstil, objekt og installasjon, og står til 16. april.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Jukleform
I dag
Det var Ivar Aasen som gav meg løysingi på dette ordet ved å nemne «jukleføre» som han heimfeste til Råbygdelaget: «Snee med en iisskorpe ovenpaa.» – I grendi der eg voks upp var «jukleform» eit liknande ord som me kjende godt. Jukleform kunde laga seg når soli tok til å verme, og det so smått sildra vatn i bekkjene ned dalsida. Snjø og is kunde losne og koma med vatnet og støype seg i hop til ein kraftig dam, som bygde seg upp både høgare og breidare til å tole eit uhorveleg trykk.