Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei av fire

ei av fire som seier nei
ei av fire som blir møtt av kviskring: jo, jo
ei av fire som ikkje får fram eit ord
ei av fire som blir flerra av lår
ei av fire som går inn i frys
ei av fire som blir kvalm av våren
ei av fire som ser ljoset mørkne
ei av fire som ikkje hugsar
ei av fire som vaknar utan truse
ei av fire som vaknar utan hud
ei av fire som framleis kjen ner lukta
ei av fire som kjenner hendene