Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi som elska Donald, Fantomet og Tarzan

Å vekse opp på syttitalet var for meg å symje i teikneseriar. Eg lærde å lese med hjelp av meterhøge stablar av Donald Duck & Co og bestemødrer som kunne fleire bokstavar enn meg. Først var det bileta som gav magi, og etter kvart klarte eg å få meining ut av det som sto i snakke- og tenkeboblene. Livet i Andeby var eit parallelt univers som følgde meg i mange år, eit tante- og onkeldominert univers der folk var kledd på overkroppen og naken nede. Ingenting rart med det. Etter kvart oppdaga eg andre og tøffare teikneseriar, i første rekke klassikarar som Sølvpilen, Fantomet og Tarzan, men Prins Valiant var og blei det gjævaste. Ei klassisk danningsreise for ein kar fødd på slutten av sekstitalet. Når lesekunna var på eit visst nivå, pløgde eg meg gjennom forfattarar som Jules Verne, Mark Twain og ­Alexandre Dumas, og jobba meg so gjennom mange hundre pocketbøker med krim og cowboy-historier, før eg tok til med den «vaksne litteraturen».