Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nidstonga

  • Nidstonga over Scott Adams er reist like mykje som eit sørgjemerke over «Dilbert», den prislønte teikneserien Adams skapte i 1989 og som fram til denne veka har vore publisert i hundretals amerikanske og internasjonale aviser. «Dilbert» har i 30 år vore ei mental livbøye for millionar av tilsette i og utanfor det private næringslivet, der Adams byrja yrkeskarrieren. Serien med den namnlause, inkompetente sjefen og den vondsinna personalsjefen Kattbert, fanga opp arbeidslivets absurditetar lenge før tv-seriar som «Kontoret» og norske avleggarar som «Etaten». No har Scott Adams mista alle oppdrag, som følgje av at han de facto har tatt til orde for segregering av svarte og kvite i USA, etter først å ha kalla svarte er ei «hatgruppe» ut frå ei høgst tvilsam tolking av ei høgst tvilsam meiningsmåling om utsegna «Det ok å vera kvit» (som òg har eit tvilsamt opphav).