Den norske staten har oppnemnt ein sannings- og forsoningskommisjon som skal granske uretten som vart gjort mot samar, kvener og norskfinnar. Kommisjonen har bede om innspel frå oss, vi som vart utsette for uretten. Men korleis skal ein byrje med å fortelje sanninga? Kvifor skal eg plage deg med mi sanning? Kva skal det leie til, om noko?
Vi skal visst forsonast. Eg har ei kjensle av at det tyder at eg skal tilgje.