Intet nytt fra vestfronten
(«Im Westen nichts Neues», Tyskland, 2022) Regi: Edward Berger Manus: Edward Berger, Lesley Paterson, Ian Stokell Krigsdrama, 2t.28m., Netflix
I det Ukraina-krigen går inn i sitt andre år, har ei nyfilmatisering av «Intet nytt fra vestfronten» vorte ein uventa favoritt til dei største filmprisane. Filmen er handverksmessig solid og velspela. Det er nok likevel den sterke samtidsresonansen i skildringa av ein brutal stillingskrig, som er hovudgrunnen til at den tyske filmen tok storeslem under dei britiske Bafta-prisane sist helg og no har styrka sitt kandidatur til sju Oscar-prisar. «Intet nytt fra vestfronten» har over tid også vorte blant det mest populære innhaldet på Netflix, der filmen nok så unnseleg vart lansert i slutten av oktober.