På årsdagen for Russlands overfall på Ukraina er det ingen som anar når krigen kan få ein ende. Militære fagfolk har overtatt som kommentatorar i media, og sivilistar og spaltistar har lite å fara med når det gjeld det som står i sentrum for den allmenne interessa: Situasjonen på slagmarka.
Framtida kan ha utvegar i famnen som vi enno ikkje ser. Vi må sjå det lange perspektivet, skriv Edvard Hoem.